[[suggestion]]
ON guoddevašvuođa mihttomearit

FNs berekraftsmål

  • Utrydde alle former for fattigdom i heile verda

    1.1)Innan 2030 utrydde all ekstrem fattigdom

    1.2) Innan 2030 minst halvere prosentdelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar

    1.3) Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

    1.4) Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggjande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

    1.5) Innan 2030 byggje opp motstandskrafta til fattige og personar i utsette situasjonar, slik at dei blir mindre utsette og sårbare for klimarelaterte ekstremhendingar og andre økonomiske, sosiale og miljømessige påkjenningar og katastrofar

    1.a) Sikre ei vesentleg mobilisering av ressursar frå mange ulike kjelder, mellom anna gjennom styrkt utviklingssamarbeid, for å gje utviklingslanda, særleg dei minst utvikla landa, tilstrekkelege og føreseielege middel til å gjennomføre program og politikk for å utrydde alle former for fattigdom

    1.b) Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tek omsyn til kjønnsperspektivet, med sikte på å auke investeringar i tiltak som motverkar fattigdom

  • Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk

     

    2.1) Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året

    2.2) Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar

    2.3) Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket

    2.4) Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gjev auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord

    2.5) Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje

    2.a) Mellom anna gjennom betre internasjonalt samarbeid auke investeringane i infrastruktur på landsbygda, i forsking og rettleiingstenester innanfor landbruket, i teknologiutvikling og i genbankar for planter og husdyr, med sikte på å forbetre produksjonskapasiteten i landbruket i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa

    2.b) Korrigere og hindre handelsrestriksjonar og vridingar på landbruksmarknadene i verda, mellom anna gjennom ei parallell avvikling av alle former for eksportsubsidiar på landbruksvarer og alle eksporttiltak med tilsvarande verknad, i samsvar med mandatet for Doha-runden

    2.c) Vedta tiltak for å sikre at råvare- og derivatmarknadene for matvarer fungerer godt og leggje til rette for rask tilgang til marknadsinformasjon, mellom anna om matreservar, for å avgrense ekstreme svingingar i matvareprisane

  • Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder

    3.1) Innan 2030 redusere mødredøyinga i verda til under 70 per 100 000 levandefødde

    3.2) Innan 2030 få slutt på dødsfall som kan forhindrast blant nyfødde og barn under fem år, med eit felles mål for alle land om å redusere døyinga blant nyfødde til høgst 12 per 1000 levandefødde og til høgst 25 per 1000 levandefødde blant barn under fem år

    3.3) Innan 2030 stanse epidemiane av aids, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropiske sjukdommar, og motverke hepatitt, vassborne sjukdommar og andre smittsame sjukdommar

    3.4) Innan 2030 redusere prematur døying av ikkje-smittsame sjukdommar med ein tredel gjennom førebygging og behandling, og fremje mental helse og livskvalitet

    3.5) Styrkje førebygging og behandling av rusmiddelmisbruk, mellom anna misbruk av narkotiske stoff og skadeleg bruk av alkohol

    3.6) Innan 2020 halvere talet på dødsfall og skadar i verda som skriv seg frå trafikkulykker

    3.7) Innan 2030 sikre allmenn tilgang til tenester som er knytte til seksuell og reproduktiv helse, inkludert familieplanlegging og tilhøyrande informasjon og opplæring, og sikre at reproduktiv helse blir innarbeidd i nasjonale strategiar og program

    3.8) Oppnå allmenn dekning av helsetenester, inkludert ordningar som vernar mot økonomiske konsekvensar, og allmenn tilgang til grunnleggjande og gode helsetenester og trygge, verksame og nødvendige medisinar og vaksinar av god kvalitet og til ein overkomeleg pris

    3.9) Innan 2030 redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle på grunn av farlege kjemikaliar og forureina luft, vatn og jord vesentleg

    3.a) Styrkje gjennomføringa av rammekonvensjonen frå Verdshelseorganisasjonen om førebygging av tobakksskadar i alle land

    3.b) Støtte forsking på – og utvikling av – vaksinar og medisinar mot smittsame og ikkje-smittsame sjukdommar som primært rammar utviklingsland, sørgje for tilgang til nødvendige medisinar og vaksinar til ein overkomeleg pris, i samsvar med Doha-erklæringa om TRIPS-avtalen og folkehelse, som stadfestar at utviklingslanda har rett til fullt ut å nytte føresegnene om høvet til å verne om folkehelsa og særleg sørgje for tilgang til medisinar til alle, i avtalen om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar

    3.c) Oppnå ein vesentleg auke i finansieringa av helsetenester og rekruttering, utvikling og opplæring av helsepersonell i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, og arbeide for at slikt personell blir verande i landa

    3.d) Styrkje kapasiteten i alle land, særleg i utviklingsland, for tidlegvarsling, risikoredusering og handtering av nasjonale og globale helserisikoar

  • Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle

    4.1) Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbyte

    4.2) Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen

    4.3) Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, inkludert universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris

    4.4) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på unge og vaksne som har kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap

    4.5) Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

    4.6) Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

    4.7) Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling

    4.a) Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevenlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle

    4.b) Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gje dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land

    4.c) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar

  • Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner i samfunnet

    5.1) Få slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda

    5.2) Avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner i både offentleg og privat sfære, inkludert menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting

    5.3) Avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap, og kjønnslemlesting

    5.4) Anerkjenne og verdsetje ubetalt omsorgs- og hushaldsarbeid gjennom offentlege tenester, infrastruktur og sosialpolitikk, og fremje delt ansvar i hushaldet og familien, alt etter kva som passar i kvart enkelt land

    5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet

    5.6) Sikre tilgang til god seksuell og reproduktiv helse og reproduktive rettar for alle, i samsvar med handlingsprogrammet frå den internasjonale konferansen om befolkning og utvikling, handlingsplanen frå Beijing og sluttdokumenta frå dei respektive tilsynskonferansane

    5.a) Setje i verk reformer for å gje kvinner lik rett til økonomiske ressursar, moglegheit til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og tilgang til finansielle tenester, arv og naturressursar, i samsvar med nasjonal lovgjeving

    5.b) Styrkje bruken av mogleggjerande teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi, for å styrkje stillinga for kvinner i samfunnet

    5.c) Vedta og styrkje god politikk og vedta gjennomførleg lovgjeving for å fremje likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner på alle nivå i samfunnet

  • Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

    6.1) Innan 2030 sørgje for likeverdig tilgang til trygt drikkevatn til ein overkomeleg pris for alle

    6.2) Innan 2030 sørgje for tilgang til tilstrekkelege og likeverdige sanitær-, hygiene- og toalettforhold for alle, med særleg vekt på behova til jenter og kvinner og personar i utsette situasjonar

    6.3) Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikaliar og materiale, halvere prosenten ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis

    6.4) Innan 2030 vesentleg betre utnyttinga av vatn i alle sektorar og sikre berekraftig uttak av og tilgang til ferskvatn for å bøte på vassmangel og i vesentleg grad redusere talet på personar som blir ramma av vassmangel

    6.5) Innan 2030 innføre integrert forvaltning av vassressursar på alle nivå, mellom anna gjennom samarbeid over landegrensene der det er aktuelt

    6.6) Innan 2020 verne og byggje opp att vassrelaterte økosystem, inkludert fjell, skogar, våtmarker, elvar, vassførande bergartar og innsjøar

    6.a) Innan 2030 utvide det internasjonale samarbeidet og støtta til å byggje opp kapasitet i utviklingsland innanfor verksemd og program som er knytte til vass- og sanitærforhold, mellom anna teknologi for vassoppsamling, avsalting, effektiv bruk av vassressursar, behandling av avløpsvatn, gjenvinning og ombruk

    6.b) Støtte og styrkje medverknad frå lokalsamfunn for å betre forvaltninga av vass- og sanitærforhold

  • Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris

    7.1) Innan 2030 sikre allmenn tilgang til pålitelege og moderne energitenester til ein overkomeleg pris

    7.2) Innan 2030 auke prosentdelen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda vesentleg

    7.3) Innan 2030 få forbetringa av energieffektivitet på verdsbasis til å gå dobbelt så fort

    7.a) Innan 2030 styrkje det internasjonale samarbeidet for å lette tilgangen til forsking og teknologi på området rein energi, inkludert fornybar energi, energieffektivisering og avansert og reinare teknologi for fossilt brensel, og fremje investeringar i energiinfrastruktur og teknologi for rein energi

    7.b) Innan 2030 byggje ut infrastruktur og oppgradere teknologi for å tilby moderne og berekraftige energitenester til alle innbyggjarar i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med dei respektive støtteprogramma i landa

  • Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle

    8.1) Halde oppe ein økonomisk vekst per innbyggjar som er i samsvar med forholda i dei respektive landa, og spesielt ein vekst i bruttonasjonalproduktet på minst 7 prosent per år i dei minst utvikla landa

    8.2) Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar

    8.3) Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gje dei tilgang til finansielle tenester

    8.4) Fram mot 2030 stadig forbetre utnyttinga av globale ressursar innanfor forbruk og produksjon, og arbeide for å oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar, i samsvar med det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon, der dei utvikla landa går føre

    8.5) Innan 2030 oppnå full og produktiv sysselsetjing og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, inkludert ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik løn for likt arbeid

    8.6) Innan 2020 redusere prosentdelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller opplæring, vesentleg

    8.7) Setje i verk omgåande og effektive tiltak for å avskaffe tvangsarbeid, få slutt på moderne slaveri og menneskehandel og sikre at dei verste formene for barnearbeid – inkludert rekruttering og bruk av barnesoldatar – blir forbodne og avskaffa, og innan 2025 avskaffe alle former for barnearbeid

    8.8) Verne om arbeidarrettar og fremje eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, inkludert arbeidsinnvandrarar og særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i eit usikkert arbeidsforhold

    8.9) Innan 2030 utarbeide og setje i verk politikk for å fremje ei berekraftig turistnæring som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt

    8.10) Styrkje evna nasjonale finansinstitusjonar har til å utvide tilgangen til og stimulere til bruk av bank- og forsikringstenester og finansielle tenester for alle

    8.a) Auke støtta til handelsretta bistand («Aid for Trade») til utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, mellom anna gjennom det styrkte, integrerte rammeverket for handelsrelatert fagleg bistand til dei minst utvikla landa (EIF)

    8.b) Innan 2020 utvikle og setje i verk ein global strategi for sysselsetjing av ungdom og innføre «The Global Jobs Pact», som er utvikla i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO)

  • Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon

    9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle

    9.2) Fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og næringsutvikling, og innan 2030 auke industridelen av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt vesentleg, i tråd med forholda i dei respektive landa, og doble industridelen av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt i dei minst utvikla landa

    9.3) Auke tilgangen til finansielle tenester, inkludert rimeleg kreditt, for små industribedrifter og andre bedrifter, særleg i utviklingsland, og styrkje posisjonen til desse bedriftene og integrere dei i verdikjeder og marknader

    9.4) Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og eigen kapasitet

    9.5) Styrkje vitskapleg forsking og oppgradere teknologien i næringslivssektorane i alle land, særleg i utviklingsland, mellom anna ved – innan 2030 – å stimulere til innovasjon, auke talet på tilsette (per million innbyggjarar) vesentleg innanfor forskings- og utviklingsverksemd og vesentleg auke løyvingane til offentleg og privat forsking og utvikling

    9.a) Leggje til rette for berekraftig utvikling av infrastrukturen i utviklingsland ved å auke den finansielle, teknologiske og faglige bistanden til afrikanske land, dei minst utvikla landa, kystlause utviklingsland og små utviklingsøystatar

    9.b) Støtte nasjonal utvikling av teknologi, forsking og innovasjon i utviklingsland, mellom anna ved å sikre politiske rammevilkår som fremjar mangfald i næringslivet og gjev handelsvarer ein meirverdi

    9.c) Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020

  • Redusere ulikskap i og mellom land

    10.1) Innan 2030 oppnå ein gardvis og varig inntektsauke for dei fattigaste 40 prosentane av befolkninga som er raskare enn auken for det nasjonale gjennomsnittet

    10.2) Innan 2030 sikre myndiggjering og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status

    10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet

    10.4) Vedta politikk, særleg når det gjeld skattar og avgifter, løn og sosialomsorg, med sikte på å oppnå ei gradvis utjamning av skilnader

    10.5) Betre reguleringa av og tilsynet med globale finansmarknader og finansinstitusjonar, og styrkje gjennomføringa av regelverket

    10.6) Sikre at utviklingslanda blir betre representerte og får større grad av medråderett i avgjerdsprosessane i globale finansinstitusjonar, slik at institusjonane fungerer betre og blir meir pålitelege, ansvarlege og legitime

    10.7) Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelbundne og ansvarlege former, mellom anna ved å føre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk

    10.a) Gjennomføre prinsippet om særbehandling og differensiert behandling av utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, i samsvar med avtalar som er inngått med Verdshandelsorganisasjonen

    10.b) Stimulere til offentleg utviklingsbistand og kapitalflyt, mellom anna direkte utanlandske investeringar, til statane der behovet er størst, særleg dei minst utvikla landa, afrikanske land, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med planane og programma til landa sjølve

    10.c) Innan 2030 redusere transaksjonsgebyra til under 3 prosent ved pengeoverføringar frå migrantar til heimlandet og avskaffe overføringsordningar med gebyr som overstig 5 prosent

     

  • Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige

    11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde

    11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre

    11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og leggje til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning i alle land

    11.4) Styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda

    11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar

    11.6) Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi

    11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom

    11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar

    11.b) Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke i talet på byar og lokalsamfunn som vedtek ein integrert politikk og gjennomfører planar med sikte på inkludering, betre ressursbruk, avgrensing av og tilpassing til klimaendringar og evne til å stå imot og handtere katastrofar, og dessutan utvikle og setje i verk eit heilskapleg system for risikostyring og katastrofehandtering på alle nivå, i tråd med Sendai-rammeverket for katastrofeberedskap for 2015–2030

    11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte

    Flere ressurser om FNs bærekraftsmål 11

  • Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

    12.1) Gjennomføre det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon ved at alle land deltek, men slik at dei utvikla landa går føre, samtidig som ein tek omsyn til utviklingsnivået og moglegheitene til utviklingslanda

    12.2) Innan 2030 oppnå berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar

    12.3) Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting

    12.4) Innan 2020 oppnå ei meir miljøvenleg forvaltning av kjemikaliar og alle former for avfall gjennom heile livssyklusen, i samsvar med internasjonalt vedtekne rammeverk, og vesentleg redusere utslepp av kjemikaliar og avfall til luft, vatn og jord for mest mogleg å avgrense skadeverknadene for folkehelsa og for miljøet

    12.5) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk

    12.6) Stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine

    12.7) Fremje berekraftige ordningar for offentlege innkjøp, i samsvar med politikk og prioriteringar i dei enkelte landa

    12.8) Innan 2030 sikre at alle menneske i heile verda har relevant informasjon om og forståing av berekraftig utvikling og eit levesett som er i harmoni med naturen

    12.a) Støtte utviklingslanda i å styrkje den vitskaplege og tekniske evna si til å innføre meir berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

    12.b) Utvikle og innføre metodar for å måle effekten av berekraftig reiseliv som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt

    12.c) Redusere ineffektive subsidiar til fossilt brensel ved å fjerne marknadsvridingar som oppmuntrar til overforbruk, i samsvar med nasjonale forhold, mellom anna ved å leggje om skattar og avgifter og avvikle skadelege subsidiar der dei finst, slik at konsekvensane for miljøet blir avdekte, samtidig som ein fullt ut tek omsyn til særlege behov i utviklingslanda og situasjonen der, og avgrensar skadelege konsekvensar for utviklinga deira mest mogleg og på ein måte som vernar dei fattige og dei lokalsamfunna som blir påverka

  • Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei*

    13.1) Styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg til klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land

    13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå

    13.3) Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette

    13.a) Gjennomføre forpliktingane som dei utvikla landa som er part i FNs rammekonvensjon om klimaendring, har teke på seg for å nå målet om i fellesskap å skaffe 100 milliardar dollar per år innan 2020 frå alle kjelder for å dekkje det behovet utviklingslanda har for å innføre føremålstenlege klimatiltak og gjennomføre dei på ein open måte, og fullt ut operasjonalisere Det grøne klimafondet ved at fondet så snart som mogleg blir tilført kapital

    13.b) Fremje mekanismar for å styrkje evna til effektiv klimarelatert planlegging og forvaltning i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, mellom anna med vekt på kvinner, ungdom og lokale og marginaliserte samfunn

    *Basert på ei erkjenning av at FNs rammekonvensjon om klimaendring er det viktigaste internasjonale og mellomstatlege forumet for forhandlingar om globale tiltak mot klimaendringar.

  • Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

    14.1) Innan 2025 forhindre og i vesentleg grad redusere alle former for havforureining, særleg frå landbasert verksemd, inkludert marin forsøpling og utslepp av næringssalt

    14.2) Innan 2020 forvalte og beskytte økosystema i havet og langs kysten på ein berekraftig måte for å unngå vesentlege skadeverknader, mellom anna ved å styrkje motstandsevna i økosystema og ved å setje i verk tiltak for å byggje dei opp att, slik at hava blir sunne og produktive

    14.3) Avgrense mest mogleg og sørgje for handtering av konsekvensane av forsuring av havet, mellom anna gjennom styrkt vitskapleg samarbeid på alle nivå

    14.4) Innan 2020 innføre effektive tiltak for å regulere uttaket av fiskebestandane, få slutt på overfiske og ulovleg, urapportert og uregulert fiske og øydeleggjande fiskemetodar, og setje i verk vitskapleg baserte forvaltningsplanar for å tilbakeføre fiskebestandane på kortast mogleg tid, i det minste til dei nivåa som kan gje høgast mogleg berekraftig avkastning ut frå dei biologiske særtrekka til bestandane

    14.5) Innan 2020 bevare minst 10 prosent av kyst- og havområda, i samsvar med nasjonal rett og folkeretten og på grunnlag av den beste vitskaplege kunnskapen som er tilgjengeleg

    14.6) Innan 2020 forby visse former for fiskerisubsidiar som bidreg til overkapasitet og overfiske, avskaffe subsidiar som bidreg til ulovleg, urapportert og uregulert fiske, og dessutan unngå å innføre nye tilsvarande subsidiar, samtidig som ein erkjenner at ei føremålstenleg og effektiv særskild og differensiert behandling av utviklingslanda og dei minst utvikla landa bør vere ein integrert del av forhandlingane om fiskerisubsidiar i Verdshandelsorganisasjonen [1]

    14.7) Innan 2030 sikre at dei økonomiske fordelane ved berekraftig bruk av havressursar, mellom anna gjennom berekraftig forvaltning av fiskeri, akvakultur og turistnæring, i større grad kjem små utviklingsøystatar og dei minst utvikla landa til gode

    14.a) Styrkje vitskapleg kunnskap, byggje opp forskingskapasitet og overføre marin teknologi – og samtidig ta omsyn til kriterium og retningslinjer frå Den mellomstatlege oseanografiske kommisjonen for overføring av marin teknologi – med sikte på å betre tilstanden i havet og auke bidraget frå det marine artsmangfaldet til utviklinga i utviklingslanda, særleg i små utviklingsøystatar og dei minst utvikla landa

    14.b) Gje fiskarar som driv småskala fiske, tilgang til marine ressursar og marknader
    14.c) Styrkje bevaring og berekraftig bruk av hava og dei marine ressursane ved å gjennomføre folkeretten slik han er reflektert i FNs havrettskonvensjon, som utgjer rettsgrunnlaget for bevaring og berekraftig bruk av hava og dei marine ressursane, slik det også går fram av punkt 158 i FN-rapporten «The Future We Want»

     [1] Samtidig vil det verte teke omsyn til dei pågåande forhandlingane i Verdens handelsorganisasjon, Doha-runden og erklæringa frå ministermøtet i Hongkong.

  • Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald

    15.1) Innan 2020 bevare og gå tilbake til berekraftig bruk av ferskvassbaserte økosystem og tenester som nyttar seg av desse økosystema, på land og i innlandsområde, særleg skogar, våtmarker, fjell og tørre område, i samsvar med forpliktingar etter internasjonale avtalar

    15.2) Innan 2020 fremje innføringa av ei berekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, byggje opp att forringa skogar og i vesentleg grad auke atterreising og nyplanting av skog på globalt nivå

    15.3) Innan 2030 motarbeide ørkenspreiing, restaurere forringa land og matjord, inkludert landområde som er ramma av ørkenspreiing, tørke og flaum, og arbeide for ei verd utan landforringing

    15.4) Innan 2030 bevare økosystem i fjellområde, inkludert det biologiske mangfaldet der, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling

    15.5) Setje i verk omgåande og omfattande tiltak for å redusere øydelegginga av habitat, stanse tap av biologisk mangfald og innan 2020 verne truga artar og hindre at dei døyr ut

    15.6) Fremje ei rettferdig og likeverdig deling av goda som er knytte til bruk av genressursar, og fremje føremålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonal semje

    15.7) Setje i verk omgåande tiltak for å stanse krypskyting og ulovleg handel med verna plante- og dyreartar, og handtere både tilbods- og etterspurnadssida ved handelen med ulovlege produkt frå viltlevande dyr

    15.8) Innan 2020 innføre tiltak for å unngå innføring og spreiing av framande artar og for å redusere påverknaden frå framande artar på land- og vassbaserte økosystem i vesentleg grad, og dessutan kontrollere eller utrydde prioriterte framande artar

    15.9) Innan 2020 integrere verdien av økosystem og biologisk mangfald i nasjonale og lokale planleggingsprosessar, i strategiar for arbeid mot fattigdom og i rekneskapar

    15.a) Mobilisere ein vesentleg auke i finansielle ressursar frå alle kjelder for å ta vare på og utnytte biologisk mangfald og økosystem på ein berekraftig måte

    15.b) Mobilisere vesentlege ressursar frå alle kjelder og på alle nivå for å finansiere ei berekraftig skogforvaltning, og sørgje for verkemiddel som er eigna til å fremje slik forvaltning i utviklingslanda, mellom anna verkemiddel for bevaring og nyplanting av skog

    15.c) Auke den globale støtta til tiltak for å motarbeide krypskyting og ulovleg handel med verna artar, mellom anna ved å styrkje den evna lokalsamfunna har til å nytte dei moglegheitene som finst for å halde oppe eit berekraftig livsgrunnlag

  • Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

    16.1) Vesentleg redusere vald i alle former og dødstal som skriv seg frå vald, i heile verda

    16.2) Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vald og tortur mot barn

    16.3) Fremje rettsstaten nasjonalt og internasjonalt, og sikre likskap for lova, rettstryggleik og rettsvern for alle

    16.4) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar, gjere det enklare å spore opp og returnere stolne eigedelar og motarbeide alle former for organisert kriminalitet

    16.5) Vesentleg redusere korrupsjon og bestikkingar i alle former

    16.6) Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå

    16.7) Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå

    16.8) Utvide og styrkje deltakinga frå utviklingslanda i institusjonar for global styring

    16.9) Innan 2030 sikre juridisk identitet for alle, mellom anna gjennom fødselsregistrering

    16.10) Sikre allmenn tilgang til informasjon og verne grunnleggjande fridommar, i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale avtalar

    16.a) Styrkje relevante nasjonale institusjonar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å byggje kapasitet på alle nivå, særleg i utviklingsland, for å førebyggje vald og motarbeide terrorisme og kriminalitet

    16.b) Fremje og handheve ikkje-diskriminerande lover og politikk for berekraftig utvikling

     

  • Styrkje verkemidla som trengst for å gjennomføre arbeidet, og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling

    Finansiering

    17.1) Styrkje og mobilisere nasjonale ressursar, mellom anna gjennom internasjonal støtte til utviklingsland, med sikte på å betre evna til å krevje inn skattar og andre avgifter i landa

    17.2) Sjå til at dei utvikla landa fullt ut gjennomfører dei offisielle bistandsforpliktingane sine (ODA) overfor utviklingslanda, mellom anna forpliktinga som mange av dei har teke på seg til å gje 0,7 prosent av ODA/BNI i bistand til utviklingsland og 0,15–0,20 prosent av ODA/BNI til dei minst utvikla landa; ODA-ytarar er oppfordra til å vurdere å gje minst 0,20 prosent av ODA/BNI i bistand til dei minst utvikla landa

    17.3) Mobilisere ytterlegare finansielle ressursar til utviklingslanda frå fleire kjelder

    17.4) Støtte utviklingslanda i å oppnå langsiktige og berekraftige gjeldsvilkår gjennom ein samordna politikk for å fremje gjeldsfinansiering, gjeldslette eller omstrukturering av gjeld, og behandle utanlandsgjelda til dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa på ein måte som reduserer gjeldsrelatert naud

    17.5) Vedta og gjennomføre investeringsfremjande ordningar for dei minst utvikla landa

    Teknologi

    17.6) Betre tilgangen til og styrkje nord–sør-samarbeidet, sør–sør-samarbeidet og det triangulære samarbeidet regionalt og internasjonalt om vitskap, teknologi og innovasjon, og forbetre kunnskapsdelinga på gjensidig avtalte vilkår, mellom anna gjennom å samordne eksisterande ordningar betre, særleg på FN-nivå, og gjennom ein global mekanisme for å gjere teknologi tilgjengeleg

    17.7) Fremje utvikling, overføring, spreiing og formidling av miljøvenleg teknologi til utviklingsland på fordelaktige vilkår, mellom anna på ikkje-marknadsmessige vilkår eller på vilkår som på andre måtar er gunstigare enn det andre land får, etter gjensidige avtalar

    17.8) Setje i gang teknologibanken og ordninga for kapasitetsbygging innanfor vitskap, teknologi og innovasjon for dei minst utvikla landa innan 2017, og auke bruken av mogleggjerande teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi

    Kapasitetsbygging

    17.9) Auke den internasjonale støtta til å gjennomføre ei effektiv og målretta kapasitetsbygging i utviklingsland og dermed støtte nasjonale planar for gjennomføring av alle berekraftsmåla, mellom anna gjennom nord–sør-samarbeid, sør–sør-samarbeid og trepartssamarbeid

    Handel

    17.10) Fremje eit allment, regelbasert, ope, ikkje-diskriminerande og likeverdig multilateralt handelssystem som er underlagt Verdshandelsorganisasjonen, mellom anna ved å sluttføre forhandlingane under Doha-runden

    17.11) Auke eksporten frå utviklingslanda vesentleg, særleg med sikte på å doble dei minst utvikla landa sin prosentdel av verdseksporten innan 2020

    17.12) Innanfor bestemte tidsrammer gje alle dei minst utvikla landa varig avgiftsfri og kvotefri marknadstilgang, i samsvar med avgjerder i Verdshandelsorganisasjonen, mellom anna ved å sikre at preferanseopphavsreglar for importvarer frå dei minst utvikla landa er klare og enkle, slik at dei bidreg til å lette marknadstilgangen

    Systemiske spørsmål

    Politisk og institusjonell samstemtheit

    17.13) Styrkje stabiliteten i makroøkonomien i verda, mellom anna gjennom politisk samordning og samstemtheit

    17.14) Oppnå ein meir samstemt og heilskapleg politikk for berekraftig utvikling

    17.15) Respektere det politiske handlingsrommet og leiarskapet i kvart land når det gjeld etablering og gjennomføring av eigen politikk for arbeid mot fattigdom og for berekraftig utvikling

    Partnarskap mellom fleire interessentar

    17.16) Styrkje det globale partnarskapet for berekraftig utvikling og støtte opp under det med partnarskap mellom fleire interessentar som kan mobilisere og dele kunnskap, ekspertise, teknologi og finansielle ressursar, for å bidra til at alle land, særleg utviklingslanda, oppnår berekraftsmåla

    17.17) Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet som byggjer på erfaringar med partnarskapa og ressursstrategiar

    Data, overvaking og ansvar

    17.18) Innan 2020 auke støtta til kapasitetsbygging i utviklingsland, også i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, for i vesentleg grad å betre tilgangen til pålitelege og aktuelle data av høg kvalitet som er fordelte etter inntekt, kjønn, alder, rase, etnisitet, migrasjonsstatus, funksjonsevne, geografisk plassering og andre nasjonalt relevante kjenneteikn

    17.19) Innan 2030 byggje vidare på eksisterande initiativ for å utvikle målemetodar for berekraftig utvikling som supplerer bruttonasjonalprodukt, og støtte kapasitetsbygging på statistikkområdet i utviklingsland

ON guoddevašvuođa mihttomearit leat máilmmi oktasaš plána dasa movt jávkadit geafivuođa, erohusaid olbmuid gaskka ja bissehit dálkkádatrievdamiid ovdal jagi 2030. Geahča buot mihttomeriid ja oassemihttomeriid dás.

Guoddevaš ovdáneapmi mearkkaša váldit vára dain dárbbuin mat olbmuin leat odne, muhto seammás ii billistit boahttevaš buolvvaid vejolašvuođaid gokčat iežaset dárbbuid. Guoddevašvuođa
mihttomearit gieđahallet guoddevaš ovdáneami golbma dimenšuvnna: dálkkádat ja biras, ekonomiija
ja sosiála dilli.

ON guoddevašvuođa mihttomearit sisttisdollet 17 mihttomeari ja 169 oassemihttomeari. Mihttomearit galget doaibmat globála ofelažžan riikkaide, ealáhusaide ja siviilaservodahkii. Mihttomearit hábmejuvvojedje demokráhtalaččat go máilmmi riikkat bukte cealkámušaid ja measta 10 millijovnna olbmo bukte iežaset oaiviliid jearahallaniskkadeami bokte.

Guoddevašvuođa mihttomearit leat jahkeduhátmihttomeriid joatkka

Guoddevašvuođa 4. mihttomearri – buorre oahppu. Govven: FN-sambandet/Eivind Oskarson

Jahkeduhátmihttomearit (2000-2015) ovdánahtte surggiid nu go oahpu ja dearvvašvuođa, muhto leat maiddái cuiggoduvvon dušše fuomášuhttit geafivuođa dovdomearkkaid. Guoddevašvuođa mihttomearit galget dahkat juoidá dainna mii dagaha geafivuođa, erohusaid ja dálkkádat­rievdamiid.

Ii oktage galgga báhcit

Okta guoddevašvuođa mihttomeriid váldoprinsihpain lea ahte ii oktage galgga báhcit (Leaving no one behind). Hearkkimus olbmot fertejit dan dihte vuoruhuvvot. Joavkkut mat dávjá bázahallet, nu go doaimmashehttejuvvon olbmot, báhtareaddjit, čearddalaš ja oskkolaš minoritehtat, nieiddat ja álgoálbmogat, dagahit dan stuorámus oasi sis geat ellet geafivuođas.

Universála mihttomearit geatnegahttet Norgga

Jahkeduháha mihttomearit eai guston buot riikkaide máilmmis nu go guoddevašvuođa mihttomearit dahket, mat maiddái gustojit rikkis riikkaide. Dát mearkkaša ahte guoddevašvuođa mihttomearit váikkuhit Norgga politihka. Norga lea juo olahan máŋga mihttomeari, muhto ii buot.

Oahpahusmateriála guoddevaš ovdáneami birra

Mii lea guoddevaš ovdáneapmi?

FN-sambandet lea hábmen fágarasttildeaddji oahpahusmateriála guoddevaš ovdáneami birra ja ON guoddevašvuođa mihttomeriid birra buot skuvlla dásiide.

Liŋka: Guoddevašvuohta – oahpahusmateriála guoddevaš ovdáneami birra

Viečča grafihka ON guoddevašvuođa mihttomeriin

Ikonaid ja logoid sámegillii ja dárogillii gávnnat zip-fiillas dás vuollelis. Doppe leat iešguđetlágán fiilaformáhtat sihke web:ii ja deaddileapmái (eps, pdf ja jpeg):

Buot elemeanttat sáhttet geavahuvvot friddja eahpekommersiála oktavuođain. Liŋka: Njuolggadusat ON guoddevašvuođa mihttomeriid gráfalaš materiála geavaheapmái (dušše dárogillii)

ON siiddut guoddevašvuođa mihttomeriid birra